Glittertind – Kvilelaus

Kvilelaus

Ei stemme eg høyrer frå urgamal tid.
Kviskrar eit stev åt meg.
Om folka som bur og vandrar på jorda
med lengslar heim til ein Gud.

Ein tryggleik så stor og ein kjærleik så raus.
Dei kan ikkje vera aleine.
Dei trenger ei tru, og eit håp,
noko som lettar ei pine.

For livet er mektig, og livet er stort.
Kva skal ein eigentleg meine,
om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Det er ikkje så enkelt å sei det.

Så mange tankar gjev ingen svar.
Dei lurar seg sjølv for det meste!
Kjem det ein dag då all ting blir bra?
Blir urgamal pine til glede?

For tider har kome og tider har gått.
Men tida er no for dei fleste!
Og folket det ber medan Gudane ler.
Mot himmelen dei ser for å leva.

For livet er mektig, og livet er stort.
Kva skal ein eigentleg meine,
om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Kva skal ein eigentleg meine,
om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Det er ikkje så enkelt å sei det.

For livet er mektig, og livet er stort.
Kva skal ein eigentleg meine,
om kva ein no er, og kva ein no gjer?
Det er ikkje så enkelt å sei det.
Det er ikkje så enkelt å sei det.